Introduksjon til Photoshop

Adobe Photoshop er programmet i Adobe-familien som er spesielt eigna til å arbeide med bilete.

English: Desktop icon/logo used for Adobe Phot...

Photoshop har enormt mange funksjonar, måtar å kombinere ulike verkty på og ikkje minst overraskingar for dei som likar å utforske. Der er ikkje alltid ein fasit. Det viktigaste er å ha ein idé om kva som er målet med arbeide på førehand. Vér tru mot den opprinnelege idéen, og la ikkje verktyet vere eit hinder for den originale kreative idéen.

Introduksjon frå Adobe TV

Målet med denne introduksjonen er å opna nokre dører for å koma i gong. Adobe TV er ein fin måte å bli kjend med programma på eiga hand.

Redigering av foto i nettlesaren

Du treng ikkje programmet for å gjere enkel redigering:

1. Oversikt over arbeidsfeltet i programmet

Oversikt over arbeidsområde i Photoshop, lånt frå Tone sin blogg www.god-tid.com
Oversikt over arbeidsområde i Photoshop, lånt frå Tone sin blogg www.god-tid.com

2. Dei første, enkle funksjonane

  1. Opne (O) ei biletfil frå fotoapparatet
  2. Lagre med nytt namn (Shift+Ctrl+S) i ei mappe du lagar på filområdet ditt
  3. Trykk på crop-tool (C) og set ønskt storleik (NB: 940×198)
  4. Trykk på File -> Save for Web & Devices
  5. No må du lagre med eit nytt namn for ikkje å skrive over den forrige fila.

Dette bilete viser crop-tool og storleiken til eit bilete som kan vere i toppen av bloggen din.
NB: 940px width og 198px height 

3. Redigere eit profilbilete

  1. Opne (Ctrl+O) ei ny fil, no eit profilbilete av deg sjølvNYTT LAG:
  2. I Layers-fana nederst til høgre dreg du på Background ned på nytt lag ikonet for å lage eit lag å arbeide på
  3. Trykk på auget på det nederste laget for å skjule den nederste/originale laget. Dette er greit å samanlikne med etter du har endra det øvste laget
  4. Kontrollere at det Background copy er markert

    ZOOM:
  5. Trykk på Zoom-tool (Z), hald nede høgre museknapp og beveg musa for å zoome

    RENSKE BILETE:
  6. Utforsk Spot-Healing Tool (J) for å rette feil bilete, ta bort raude auger, m.m.
  7. Zoom ut att slik at du ser heile bilete.

    JUSTERE LYS, KONTRAST, NIVÅ, M.M.:
  8. I Adjustments-panelet til høgre trykker du på pila ved Levels og prøver deg fram med Darker til Lighter-justering.
  9. Trykk på HiSTORY-ikonet oppe til høgre for å få fram stega i det du har gjort. Her kan du gå tilbake/angre på justeringane. Dei er lagde til som lag i Layers-panelet. Du kan også trykke på auget framfor laget for å vise/skjule laget med justering.
  10. Ei anna justering er enkel og grei lys- og kontrastjustering under Brightness/Contrast-ikonet.
  11. Prøv også å justere Curves i Adjustments-panelet. Trykk på Curves-ikonet og velg AUTO, eller dra i stolpane for å justere. Angre (Ctrl+Z) eller bruk HiSTORY-panelet for å gå tilbake om du ikkje er nøgd.

    SKARPING:
  12. Trykk på Filter i menyfeltet i toppen, gå til Sharpen og velg Unsharp Mask
  13. Trykk på Preview
  14. Zoom inn på eit detaljert område, og auk Amount til litt over 100%
  15. Justér Threshold til mellom 5 og 10 levels. Prøv deg fram. Hald nede musknappen over førehandsvisninga for å veksle mellom før og etter justering. Trykk OK.

    STORLEIK:
  16. Trykk på crop-tool (Ctrl+C) att og set storleiken til 640px breidde
  17. Lagre (Shift+Ctrl+S) med nytt namn (t.d.: kfu640x800)

For dei som har lyst å utnytte Photoshop til meir enn det denne raske smakebiten viste, gå til Adobe TV si introduksjonsside for å sjå meir.